Zum Hauptinhalt

Bjørn Tomren, som vart folkeeige og omtala som «den kuleste artisten i Stjernekamp gjennom tidene» etter sigeren i 2021, legg ut på juleturné igjen! Fjorårets turné, «Med et anstrøk av jul», vart ein kjempesuksess. Konserten vart spelt for fulle hus frå Kristiansand i sør til Harstad i nord, og tilbakemeldingane og jubelen frå publikum var klar: Dette måtte gjentas!
Årets turné, «Jul på godt og vondt», spelast frå 21. november til 21. desember, og Bjørn Tomren og bandet hans er innom 22 byar og spelestader før dei vender nasen heimover igjen. På vegen skal dei gjere sitt ytterste for å gje det norske folk eit forsiktig snev av julestemning, med eit variert repertoar og lune, morosame historier, levert på måten berre Bjørn Tomren kan.


Dette sa publikum etter konsertane i fjor:
«Utradisjonell julekonsert som viser hvilken tusenkunstner Bjørn Tomren er. Følelsesregisteret mitt gjennom konserten gikk fra måpende og forundret via rørt til lattermild» – Sissel, Os
«Bjørn Tomren lager konsertmagi med sin humor, sin enorme musikalitet og sitt personlige uttrykk. Konserten var et høydepunkt og jeg anbefaler konserten på det varmeste til hvem som helst.» Vigdis, Husnes
«En fantastisk konsert. Den desidert beste «julekonserten» jeg noensinne har vært på». Lars-Inge, Bømlo
«Flott konsert! Tomren har ei utruleg stemme, artig humor og han kan sjonglere - kva meir kan ein ynskje? Når han i tillegg har med seg tre framifrå musikarar vert det rett og slett heilt prima!» Connie, Førde
«Det er utrolig lenge sia jeg har ledd så mye!! En herlig bisarr humor! Ingen gikk sure derfra.» Tore, Stokmarknes

På scenen:
Bjørn Tomren
Edvard Mjanger – bass
Hans-Olav Molde – trommer
Einar Sogstad – tangentar

Konserten varer ca. 90 minutt.

Quelle: Visit Bergen

Vorstellungen

Oseana kunst- og kultursenter (Os)
21. November:
18:30

Kontakt

Adresse:
  • Mobergsbakken 20
  • 5200 Os
Telefon:
E-Mail:
Website:
www.oseana.no/program/

Wo ist Bjørn Tomren?