Zum Hauptinhalt

Jasper og Nynke van Schaik tok over garden då dei flytta hit frå Nederland i 2013. Den berømte nederlandske ostetradisjonen kombinerar dei med utsøkte lokale råvarer.

Myrdal Gård har eige ysteri der det produserast forskjellige ostar av eigenprodusert og kjøpt mjølk. Myrdal ost blir seld i utvalde daglegvarebutikkar og spesialbutikkar i heile Noreg.

Myrdal Gård tilbyr omvisningar både i ysteriet og på gården, i kombinasjon med ostesmaking. Pris kr 150 per person (barn opp til 12 år gratis).

I sommerferien er det faste tider kvar dag: klokka 12:00.

Utanom sommerferien er det bare å ta kontakt for avtale. Omvisninga må bestillast på førehand - ring eller sms til telefon 95528264

Myrdal Gård kan ta grupper opp til 50 personar i restauranten. Buss kan kjøre opp til gården.

Om sommaren er gårdsbutikken open, og der blir produkt frå eige ysteri og andre lokalmatprodukt selde.

For nærare info om opningstider sjå Facebook-sida og nettsida til Myrdal gård!

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Kontakt

Adresse:
  • Myrdalsvegen 202
  • 5690 Lundegrend
Telefon:
955 28 264
E-Mail:
post@myrdalgard.no
Website:
www.myrdalgard.no/

Einrichtungen

Jahreszeit:
  • Frühlingszeit
  • Herbst
  • Sommer

Wo ist Myrdal Gård - Hofladen?