Her er det fint å sykle, og du finn fleire strender og turstiar i området. Ynskjer du leiga deg kano og padle deg ein tur, kan du leige kano hos Kråko gjestetun. Dei tilbyr også overnatting og catering.
Frilufts- og sjøhytteområdet Kråko ligg kun nokre kilometer frå Fitjar sentrum, på øya Stord. Anten du kjem sjøvegen – med eigen båt eller kajakk, eller med eigen bil eller sykkel, så blir du truleg overraska av det denne flotte halvøya byr på.
Her er det både kafé, såpekokeri og mikrobryggeri. Alt dette ligg ved sjøen saman med badestrand og ei idyllisk småbåthamn.
På PS Bryggekafe sit du heilt på bryggekanten og kan nyte langsam mat, drikke og smakar tilberedt av lokale råvarer. Smak også gjerne på «kråkobolle» som dei bakar her! Sjå også kulturkalenderen for arrangement på kafeen – og så oppmodar me om å bestille bord for å sikre deg plass.
Kråko har også overnattingsmoglegheiter, anten du kjem med campingvogn, bubil eller vil leige rom. Her er også eit svært populært sjøhytteområde.
Og sjølvsagt er det gode fiskemoglegheiter her.
Dersom du tek turen inn til Fitjar sentrum kan du finne overnatting og kafe på Fitjar Fjordhotell, og Engesund Visningssenter tilbyr RIB-tur ut til fiskeoppdrettsanlegg.