Malin har nettopp flytta til Bergen, og mora og faren har nyleg gått frå kvarandre.
Vil jula kunne bli som ho ein gong var? Midt i omveltinga, dukkar det eine mysterie opp etter det andre: Kvifor blinkar gatelykta? Kvifor blir nabohuset kalla for "Heksehuset"? Kvifor får Malin beskjed om at ho må spionere på naboen? Og ikkje minst; kvifor har naboen hundre juletre i stua? "God dag, herr Jul" er full av fart, spenning og artige karakterar, musikk og dans. Forteljinga er på samme tid både ei moderne og nostalgisk juleforteljing.
Forfattar Laura Djupvik stiller spørsmål som; kva skjer med jula når vi fjernar alt det åndelege og religiøse? Ja, kva handlar jula eigentleg om? "God dag, herr Jul" er ei varm og nær familieframsyning, som passar for barn frå 5 år. Av: Laura Djupvik. Regi: Jon Tombre. Scenografi og kostymedesign: Even Børsum. Varigheit: Ca 1 time og 30 min.