Introduksjonskurs i topptur og skredtryggleik
Dette kurset gir ei innføring i grunnleggjande ferdigheiter for å ferdast trygt i fjellet med toppturski eller splitboard. Du lærer korleis utstyret fungerer, teknikkar for motbakkegange og grunnleggjande skredtryggleik.
Innhald i kurset:
- Gjennomgang av nødvendig toppturutstyr (ski, feller, stavar, støvlar)
- Skredutstyr: kva du treng og korleis du brukar det
- Kameratredning
- Skiteknikk og ruteval
- Grunnleggjande skredkunnskap
Kven passar kurset for?
Kurset passar for deg som har god skiferdigheit frå før og ynskjer å prøve topptur. Det vert ikkje fokusert på lange turar med mykje høgdemeter, men heller på å lære å bruke utstyret og grunnleggjande ferdigheiter for trygg ferdsel i fjellet. Vi legg likevel opp til å få nokre fine svingar!
Praktisk informasjon
Kurset går føre seg i området Valldal-Stordal, under ein time frå Ålesund, og varer ca. 6 timar per dag. Både skikøyrarar og splitboardarar er velkomne!
Er du usikker på om dette kurset passar for deg? Ta kontakt med Ræin for ein uforpliktande prat.