Opplev Sæbø og Hjørundfjord
Turen startar frå Ålesund. Ombord i dette smykkeskrinet av ein båt går turen innover vakker sunnmørsk natur. Mannskapet er lokalkjende innover Hjørundfjorden, og i tillegg ønskjer dei å få fortelje og vise fram båten under turen. Båten legg til kai på Sæbø, og her vert det bygdevandring der ein er innom både kyrkja, Dampen, og andre små og store serverdigheiter før Rekkedal Gjestehus hentar inn til gjestebod. Etter servering av lokalmat i Grindløa frå 1500 talet vert det ei omvising på tunet. Sunnmøre sin dramatiske natur med høge tindar kan sjåast under heile turen, og småbygdene og husa som klamrar seg fast i fjellsidene i ein av dei vakraste fjordane i Noreg.
Boat trips and fjord cruises
MS Bruvik til vakre Sæbø
Opplev Sæbø og ei reise med historisk båt.
Contact
- Address:
- Lorkenesgata 1
- 6002 Ålesund
- Phone:
- +47 70 14 11 00
- Email:
- booking@cruise-service.no
- Website:
- www.cruise-service.no