Kor nedbrotne kan vi menneske bli? Kva skjer inni oss når ljoset sløkker, tungsinnet veg oss ned, og lengsla etter kjærleik driv oss til vanvit? I Tolv på fem Psykose får vi besøkje det indre livet til eit menneske i strid med sitt djupaste mørke.
Tittelen viser til den tida på døgnet kor mennesket er på sitt mest sårbare, og flest gjer sjølvmord. Forfattaren, Sarah Kane (1971-1999), sleit med tunge depresjonar over fleire år, og kort tid etter at Tolv på fem Psykose vart ferdigskrive, tok ho sitt eige liv, den 20. februar 1999.
Stykket er omset av Jon Fosse, som vart tildelt Nobels litteraturpris i 2024.
Vi gjer oppmerksam på at framsyninga inneheld sterke scenar om tema som sjølvskading, sjølvmord og psykisk liding. Vi bed publikum tenkje gjennom dette får kjøp av billettar.
Tilrådd aldersgrense 15 år og oppover.