Denne hausten er foredragshaldaren, TV-mannen og forfattaren Oddgeir Bruaset ute på foredragsturné, og det er jula som står i sentrum for arrangementet.
Bruaset har skrive bok om juletreet og den 500 år lange historia det har bak seg. Han har skrive fleire bøker om julesongane våre, ettersom mange av dei mest kjende er blitt til på forunderleg vis. Ikkje minst har han skrive ei bok han kalla Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Den handlar om julefeiring og juleskikkar på avsidesliggjande stader i fortid og notid, og ho er full av både rørande og fornøyelege julehistorier. «Er folk som bur langt utanfor allfarveg, flinkare til å ta vare på dei gamle juleskikkane, eller er utkantfolket også blitt meir opptekne av trendar enn tradisjonar?» spør han, og han gjev sjølv svaret. I tillegg til det timelange foredraget viser han illustrerande bilde.
Mot slutten av kvelden blir det høve til å kjøpe bøker Bruaset har skrive i tilknyting til jula, anten det er snakk om julefeiring og juleskikkar i utkantstrok, juletreet si eventyrlege historie, eller soga bak julesongane våre. Dei som ønskjer det, får gjerne ei personleg helsing på kjøpet.
Billetter kr 50
Gratis for studenter