Hopp til hovedinnhold

Gjer deg klar for ei visuell og gripande oppleving! Billettane er no lagt ut!

Varigheit Ca 2 timar

Fuglane bygger på ein av dei vakraste romanane i verda. Forteljinga om Mattis «Tusten» er fortalt med ei enorm menneskeleg innsikt.

Gjennom Mattis sitt barnlege og fordomsfrie sinn blir vi med på innsida av eit liv i utanforskap. Mattis er annleis. Det har ein sosial kostnad som skal få ein tragisk slutt.

Med bruk av alle teateret sine verkemiddel, tek vi deg med inn i draumane, tankane og fantasien til Mattis.
Med Fuglane vil vi skape ei oppleving som vil sitje att lenge etter framsyninga er over.

Av: Tarjei Vesaas
Regi: Ida Høy
Scenograf/kostyme: Olga Regitze Dyrløv Høegh
Lysdesign: Randiane Sandboe
Musikk: Odin Staveland

Skodespelarar: Henrik Bjelland, Endre Hellestveit, Irene Waage, Sigmund Njøs Hovind, Vilde Biserød Vengnes

Les BT intervju (26. september) med Endre Hellestveit her

Visninger

Det Vestnorske Teateret, Hovudscenen (Bergen)
04. april:
19:00
05. april:
18:00

Kontakt

Adresse:
  • Øvre Ole Bulls Plass 6
  • 5012 Bergen
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Fuglane