Hopp til hovedinnhold
Bestill

Gorrlaus laurdag 19.10.24

Stad: Tou loftet Dørene opnar: kl. 18.30 Konsert startar: kl. 19.00

Gard Nergaard - flatfele, hardingfele Tellef Kvifte - sjøfløyte + Fuglen Dansekveld med Knut Boksasp, Ottar Kåsa og Haugesund spelemannslag

OBS: Ottar Kåsa og Haugesund spelemannslag spelar konsert søndag 20.10 kl. 13 for tou loftet. om du planlegg å gå på syndagen og, kan du kjøpe ein billigare billett til begge konsertane.

Tellef Kvifte er ein særs erfaren musikar og multiinstrumentalist som har vore ein del av det norske folkemusikkmiljøet i lange tider. Han har blant anna deltatt på legendariske album som Heitaste Slåtten og Slinkombas (m. Bjørgum, Bråthen Berg og Stubseid). Kvifte har og jobba som akademiker og lærar ved Norsk folkemusikksamling, Universitetene i Oslo og Bergen, Ole Bull Akademiet, og sist ved Institutt for folkekultur og folkemusikk på Rauland.

I kveld skal det handle om sjøfløyta. På 70-tallet kom Kvifte i kontakt med sjøfløyte musikken fra Numedal, gjennom spelekompis, Per Midtstigen. Kvifte er ein av dei få som har eit stort repertoar på sjøfløyte og det er ei stor glede å kunne få høyre denne musikken på Gorrlaus i Stavanger.

Kvifte har og jobba i musikkseksjonen i NRK og har blant anna vore involvert i mange av dei fantastiske folkemusikkdokumentarene som framleis er å sjå på NRK nett TV. Blant anna "Den sterke slått" som dreier seg om rammeslåttane frå Setesdal. Alltid på jakt etter nye utfordringar, starta han i 2014 plateselskapet Taragot, som til i dag har gitt ut nærmare 50 album.

Gard Nergaard er ein ung spelemann og forteljar som har markert seg som ein karismatisk og nyskapande ambassadør for Agder-musikken. Nesten ti år siden ga han ut albumet «Seint var det om kvelden», eit imponerande stykke dokumentasjon av ein unik tradisjon som nesten var gått tapt. Med det sette han for alvor både seg sjølv og Mandalen i Vest-Agder på folkemusikk-kartet.

Etter mange år som musikalsk kosmopolitt er han nyleg heimvend og befinn seg midt i ein ekstremt produktiv periode. Med feleduoen Alvina & Gard sleppte han det kritikarroste albumet «Tillflykten» i april, hadde premiere på barneteaterstykket «Platt Planet» i juli, og med Kalejdoskop Trio slepper han albumet «Kalejdoskop» på CD, vinyl og digitale plattformer i september.

På Gorrlaus har vi gleda av å få høyra felespel som det gnistrar og ryk av når Gard Nergaard vender tilbake til slåttane som utgjer den musikalske grunnmuren hans. Vel møtt!

Etter konsertane blir det dansespel og fest med Haugesund spelemannslag og Ottar Kåsa. Den unge og utrulege hallingdansaren, Knut Boksasp, kjem og til å signe kvelden med sitt nærvær.

Fuglen danseverkstad med Knut Boksasp:(link)

Tou i Stavanger Øst

Se alle tilbudene til Tou i Stavanger Øst

Visninger

TOU (Stavanger)
19. oktober:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Kvitsøygata 25
  • 4014 Stavanger
Telefon:
E-post:
kontakt@touscene.com
Nettside:
www.touofficial.com

Hvor er Gorrlaus på Tou?