Hopp til hovedinnhold

Gorrlaus laurdag 20.10.24

Stad: Tou loftet Dørene opnar: kl. 12.30 Konsert startar: kl. 13.00

Ottar Kåsa - Hardingfele + Haugesund spelemannslag For å få musikken og stemninga til å sette seg skikkeleg i hugen, så køyrer me altså to dagar i strekk med folkemusikk:

Ottar Kåsa er hardingfelespelamann og felemakar frå Arabygdi i Telemark. Han er ein av dei framste utøvarane på hardingfele her til lands og er ikkje eit ukjent namn i Stavanger. I 2021 gjorde han ein legendarisk konsert under 20-års jubileumet til Tou kor publikum jubla og trampa så mykje at me lurde på om heile loftet skulle ramle saman. Delar av konserten blei sendt i folkemusikktimen i NRK. Som felemakar gjer han både tradisjonelle hardingfeler i tillegg til eksperimenter med både hardingfele bratsj og hardingfele cello og har til dømes bestillingar frå Kronos Quartet og andre kjende utøvarar både innanskjers og utanskjers.

Haugesund spelemannslag er ei gruppe med hardingfeleutøvarar frå Haugalandet. Laget har fleire gonger delteke på Landskappleiken (NM i folkemusikk), og kome høgt på resultatlistene. Spelemannslaget er i stor grad resultat av folkemusikkskulen i Haugesund mållag og ungdomslag som vart starta på midten av nittitalet.Siri Dyvik var primus motor for spelemannslaget, både som leiar og tradisjonsberar. Utøvarane tel i dag kring 14 aktive felespelarar, kor nokre av dei òg fungerer som soloutøvarar i tillegg til lagspelet. Repertoaret er i hovudsak folkemusikk frå Hordaland og Rogaland. Det har vore lagt ned mykje arbeid i å gjenoppliva og formidla den lokale folkemusikken, som for mange er ukjent og eksotisk, sjølv om dette er vår eigne lokale kulturskatt.

Tou i Stavanger Øst

Se alle tilbudene til Tou i Stavanger Øst

Visninger

TOU (Stavanger)
20. oktober:
13:00

Kontakt

Adresse:
  • Kvitsøygata 25
  • 4014 Stavanger
Telefon:
E-post:
kontakt@touscene.com
Nettside:
www.touofficial.com

Hvor er Gorrlaus på Tou?