Utstillinga viser resultat frå doktorgradsprosjektet i design Odd New Spring – Towards Emerging Landscapes and a Reorientation in Design Practice, som Wilhelmsen har utvikla ved Institutt for design, Fakultet for kunst, musikk og design, Universitetet i Bergen.
Undersøkingane tek utgangspunkt i ei gruppe framande og uønskte plantar, og omfattar eksperimentelle materialstudiar og tekstilar. Gjennom ei open og undrande tilnærming blir den rådande oppfatninga av desse plantane som skadelege artar utfordra, og forholdet til dei blir sett opp mot berekraft, produksjon, forbruk og forvaltning av naturressursar frå dei lokale landskapa.
Målet har vore å undersøke metodar og strategiar for ein stadforankra designpraksis, og designaren si rolle som formidlar og utviklar av positive framtidsscenario og berekraftig materialkultur. Plantane ber med seg forteljingar frå ulike stadar og tider, som i arbeidet vev saman fortid og framtid, og dannar eit lerret for å reflektere over samanhengar og relasjonar i notida.