Hopp til hovedinnhold

Laurdag 5.oktober inviterer me til ein tradisjonsrik marknad i Bergekrossen, med triveleg handel, drøs og god mat. Her kan du høyre inspirasjonsføredrag frå Cato Zahl Pedersen, få med deg 70 flotte utstillarar i tillegg til aktivitetar og underhaldning for både barn og vaksne.

I år kan me diverre ikkje arrangere kåring av lam grunna fare for smittespreiing av blåtunge-sjukdom, men me er trygge på at Suldal Sau og Geit kjem tilbake neste år med den tradisjonsrike kåringa.

I god og kjent stil blir det likevel både auksjon, grillmat, trylleshow og sjølvsagt ein butikk som bugnar med gode tilbod.

Saman med resten av handelsstanden på Sand og gode samarbeidspartnarar vonar me marknadsdagen blir ein god møtestad for både innbyggjarar og tilreisande.

Velkommen!

Visninger

Autogro Møgedal (Sand)
05. oktober:
10:00

Kontakt

Adresse:
  • Sandsvegen 261
  • 4230 Sand
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Høstmarked i Suldal?