Jordeplerock vert arrangert i Lærdal sentrum siste helga i juni.
Fyrst ut var to kjenningar frå 2019; Stavangerkameratene og Folk Flest. Begge vart godt mottekne av publikum sist dei besøkte Jordeplerock og det kjem og til å skje i 2024.
Endeleg kan Jordeplerock ynskja Åge & Sambandet velkomen til Lærdal og Jordeplerock! Det er få band som har vorte etterspurt meir i løpet av Jordeplerock sine 11 år enn nettopp Åge & Sambandet. Joredplerock ser fram til å nyta kjente og kjære låtar frå trønderrockebandet i dei flottaste omgivnadar ein festival kan by på!
Sjå heimeside for oppdatert informasjon www.jordeplerock.no