Hopp til hovedinnhold

Michael Sars var soknepresten som vart ein internasjonal pioner i havforskinga. I 1830-åra var han sokneprest i Kinn. Her stifta han familie og la grunnlaget for forskinga som gav han internasjonal aksept.

Kven var denne mannen og korleis var han ovanfor sine soknebarn her i Kinn? Florø har meint han er så pass viktig at han har fått si eiga gate. Kva inneheld den? Dette skal vi ta føre oss den 4. februar!

Kvelden er eit samarbeid mellom Grete Stavø frå Historielaget som tek oss med på ei innhaldsrik gatevandring, og Annette Holme frå Kystmuseet som ser nærare på Sars sitt liv og virke her i Florø. Flora Kunstlag er også medarrangør til føredraget.

I kafeen serverer vi kaffi/te og heimebakt kake.

Billettprisar:
Vaksne 130,- Honnør 100,-

Arrangementet er frå 19-21.

Visninger

Kystmuseet i Sogn og Fjordane (Florø)
04. februar, 2025:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Brendøyvegen 25B
  • 6900 Florø
Telefon:
98269854
E-post:
ksf@misf.no
Nettside:
misf.no/kystmuseet

Hvor er Kveldforedrag: Michael Sars i Florø. Prestekall, havforsking og gatevandring?