Dette er sommarmarknaden, der møte mellom folk, underhaldning og handel går hand i hand.
Med det etter måten lette sambandet mellom aust og vest i Norge, som gjekk gjennom Lærdal, vart det tidleg ein marknadsplass på Lærdalsøyri. Då det starta i 1596 varde marknaden heile 8 dagar og starta 8 dagar etter Mikkelsmess. Frå 1836 var det påbod om at marknaden berre skulle vara i 4 dagar.
I 1876 vart det ved kongeleg resolusjon sett punktum for den gamle marknaden. Men i 1982 tok nokre eldsjeler oppatt den gamle tradisjonen og no vert det kvart år gjennom stor lokal dugnadsinnsats arrangert “Lærdalsmarknad” tredje helga i juni, “Haustmarknad” i månadsskiftet september/oktober og julemarknad i november. Alle marknadene går framleis føre seg i det idylliske trehusmiljøet på Lærdalsøyri. Folk handlar i bodene, ser på utstillingar, kjøper seg mat, nyt variert underhaldning frå scena og møter trivelege folk.