Vi inviterer inn til ein verkstad som passar godt for ungar i skulealder, og vaksne som ønsker eit lite kreativt avbrekk. Dagen er eit av fleire oppspel til vår komande utstilling "LIVSNERVEN - frå stove til atelier", kor vi har henta inspirasjon frå den rike åkletradisjonen som finnes i Jølster. På verkstaden trekk vi trådar frå eldre handverk og tester dei ut med moderne utrykk og fargar.
Vi legg til rette med inspirasjon, arbeidsmateriale og rettleier gjennom dagen.
Ein laurdag på Ålhus?
Verkstaden er tilgjengeleg frå kl 12.00 fram til 15.00, og ein styrer sjølv kor lenge ein ønsker å være der.
Vi har flotte uteområde ned mot Jølstravatnet om sola glimtar til. Om ein vil ta ein lengre luftetur, kan ein følgje den nye kulturmiljøløypa gjennom grenda.
På museet denne dagen møter du vertskapet Olin og Solveig, som arbeider ved Eikaasgalleriet og Astruptunet.
Praktisk informasjon:
Verkstaden passar for born i skulealder (frå 6 år og oppover) og andre som treng eit kreativt avbrekk. Vi ønsker at born under 10 år vert følgd av ein vaksen.
Kafeen held ope med enkel servering, kor ein kan kjøpe varm drikke og sveler. Ein kan og ha med eiga niste.
(Vi førebur ny utstilling i galleriet, så det heng ikkje oppe fullstendig utstilling i dette tidsromme
Kunst og håndverk
Påskeverkstad: Vi lagar mønster
Vi inviterer inn til ein verkstad som passar godt for ungar i skulealder, og vaksne som ønsker eit lite kreativt avbrekk.
© Foto: Oddleiv Apneseth
Visninger
- 05. april:
- 12:00
Kontakt
- Adresse:
- Eikaasgalleriet, Jølstravegen 1677
- 6847 Vassenden
- Telefon:
- 48084550
- E-post:
- oliste@misf.no
- Nettside:
- misf.no/eikaasgalleriet/opplevingar/paaskeverkstad-eikaasgalleriet-2025