Hopp til hovedinnhold
Bestill

Fotballstjerna Erling Braut Haaland hadde sin fotballoppvekst på Bryne. Han vaks opp i eit heilt spesielt lag, med ein spesiell trenar som brydde seg like mykje om alle, uansett kor gode dei var. Kva var det så som gjorde Erling så god? Korleis trente han? Korleis tenkte han?

Forfattar Ørjan Zazzera Johansen kjem òg ifrå Bryne. Han har spelt på dei same banane, skifta i dei same garderobane og hatt den same trenaren. Han har gått på dei same skulane og ete den same kebaben. No kjem han til biblioteket og fortel frå boka «Erling Braut Haaland - frå liten til størst», som er hans femte bok om fotball, den tredje om Haaland!

Frå 6 år/familiar

Gratis billettar blir lagde ut når haustferien startar, fredag 04. okt. Det er óg mogleg å møta opp utan billett og sjå om det blir ledige plassar, sjølv om arrangementet er utseld.

Ill. Kristoffer Kjølberg

Visninger

Sølvberget bibliotek og kulturhus (Rennesøy)
12. oktober:
11:00

Kontakt

Adresse:
  • Vikevågveien 138
  • 4150 Rennesøy
Telefon:
+47 51 50 74 65
E-post:
post@sølvberget.no
Nettside:
www.sølvberget.no

Hvor er Rennesøy: Erling Braut Haaland - frå liten til størst?