Hopp til hovedinnhold
Bestill

Av C.S. Lewis. Dramatisert for teater av Hilde Brinchmann.

For 75 år sidan skapte C.S. Lewis eit univers fylt av spenning, fantasi og magi. Narnia har sidan den gongen engasjert millionar av born og vaksne over heile verda gjennom bøker, TV-seriar og filmar, og blitt ein av vår tids store klassikarar.

Møt søskena Lucy, Edmund, Susan og Peter når dei oppdagar vegen til eventyrlandet Narnia. Der herskar den onde Heksa Hvit i evig snø og is. Saman med løva Aslan og alle gode krefter tar dei fire borna opp kampen mot det vonde.

Når regissør Hilde Brinchmann skal laga teater av Narnia for Riksteatret, lar ho oss oppleva historia gjennom borna sine auge. Brinchmann har hatt stor suksess med «Mio, min Mio» og «Operasjon Teater – Detektivbyrå nr. 2».

Ta med borna, familie og venner og bli med på ei uforgløymeleg reise til Narnia, kor fantasi og verkelegheit smeltar saman i ei fortryllande teateroppleving!

Framsyningslengde 2 timar (inkludert pause). Tilrådd aldersgrense 6 år.

Med Janne Starup Bønes, Ellen Bendu, Jawad Aziz, Sebastian Legaard Engeland, Albertine Lundgren, Numa Edema Norderhaug, Martin Karelius Østensen m.fl.

Visninger

Stord Kulturhus (Stord)
24. april, 2025:
18:00

Kontakt

Adresse:
  • Hamnegata 1
  • 5411 Stord
Telefon:
53 49 69 66
E-post:
kulturhuset@stord.kommune.no
Nettside:

Hvor er Riksteatret: Legenden om Narnia - Løven, heksa og klesskapet?