Hopp til hovedinnhold
Bestill

Heilt sidan premieren har Cathrine Frost spelt for fulle hus på Det Andre Teatret, Nationaltheatret, i London og på Fringe Festival i Edinburgh. Framsyninga fortel den sjølvopplevde historia om Cathrine Frost og møtet med lysta på å få barn og møtet med verda etterpå. Med humor og alvor radbrekker ho synet vårt på kva det vil seia å bli mamma og korleis vi forheld oss til den vesle, store handlinga det er å bli født. Visste du at Sokrates var gravid? Jaudå, stadig vekk! Han og kollegaene hans i tenketanken Aten meinte faktisk at dei fødde heile tida. Dei ga nemleg liv til det udødelege, reine og siviliserte: Til IDEEN! No er det derimot Cathrine Frost sin tur til å ta på seg togaen og ta styringa i sivilisasjonens vogge. Det har ho eigentleg få eller ingen føresetnader for å klara.

Med Cathrine Frost. Manus Cathrine Frost Andersen, Mats Eldøen og Marie Ulsberg. Regi Mats Eldøen. Produsent Marie Ulsberg. Scenograf Monica Valsø. Kostyme Jenny Bernson. Lyd- og lysdesign Henrik Stoltz Vernegg. Produsent Riksteatret Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Det Andre Teatret, på turné med Riksteatret

Visninger

Stord Kulturhus (Stord)
14. mai, 2025:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Hamnegata 1
  • 5411 Stord
Telefon:
53 49 69 66
E-post:
kulturhuset@stord.kommune.no
Nettside:

Hvor er Riksteatret: Lykke til, Cathrine Frost?