Helt sidan premieren har Cathrine Frost spelt for fulle hus på Det Andre Teatret, Nationaltheatret, i London og på Fringe Festival i Edinburgh.
Framsyninga fortel den sjølvopplevde historia om Cathrine Frost og møtet med lysta på å få barn og møtet med verda etterpå. Med humor og alvor radbrekker ho synet vårt på kva det vil seie å bli mamma og korleis vi forheld oss til den vesle, store handlinga det er å bli født.
Visste du at Sokrates var gravid? Jaudå, stadig vekk! Han og kollegaene hans i tenketanken Aten meinte faktisk at dei fødde heile tida. Dei gav nemleg liv til det udødelege, reine og siviliserte: Til IDEEN! No er det derimot Cathrine Frost sin tur til å ta på seg togaen og ta styringa i sivilisasjonens vugge. Det har ho eigentleg få eller ingen føresetnader for å klare.
"Cathrine Frost bruker filosofi på en både snerten og morsom måte til å snakke om kvinnehelse" Aftenposten (5)
"Frost får publikum til å le og gråte om hverandre" A-Magasinet
"Her oppstår teatret på nytt, med én enkelt, kvinnelig protagonist." Sivilisasjonen.no
"En helt vanvittig bra forestilling." Lars Berrum
"Sokrates får straff, pankration-innføring og verdens råeste fødehistorie! Eg takkar deg Cathrine Frost." Sigrid Bonde Tusvik
"Morsomt, viktig og rørende om livets begynnelse." Christian Mikkelsen
Nominert til Heddaprisen 2023 for Beste Teaterforestilling
Varigheit: 90 minuttar (ingen pause)
Merk: Vi har opplevd at denne framsyninga kan verke sterkt på enkelte i publikum, og enkelte personar med hematofobi (blodfobi) har svima av. Framsyninga inneheld skildringar av kroppsvæsker, og skildrande detaljar frå ei konkret fødselsoppleving.
Det vert brukt strobelys i framsyninga.
Med Cathrine Frost.
Manus Cathrine Frost Andersen, Mats Eldøen og Marie Ulsberg.
Regi Mats Eldøen.
Produsent Marie Ulsberg.
Scenograf Monica Valsø.
Kostyme Jenny Bernson.
Lyd- og lysdesign Henrik Stoltz Vernegg.
Produsent Riksteatret Anita Basmo Bjørnstad.
Produsert av Det Andre Teatret, på turné med Riksteatret
Teater og scenekunst
Riksteatret: Lykke til, Cathrine Frost!
Publikumssuksessen «Lykke til, Cathrine Frost!» er ei humorframsyning om filosofi, føding og folkehelse.
Bømlo Kulturhus
Bremnes
© riksteatret/det andre teatret
Visninger
Bømlo Kulturhus (Bremnes)
- 13. mai, 2025:
- 19:00
Kontakt
- Adresse:
- Kulturhusvegen 20
- 5430 Bremnes
- Telefon:
- 53423500
- E-post:
- post@bomlokulturhus.no
- Nettside: