Hopp til hovedinnhold
Bestill

Stavangersanger

Litt protestviser, litt vakker musikk, samtale mellom vanlege og litt uvanlege folk.

Protestsanger Johan Egdetveit får besøk av Dag Vagle, Kristin Hoffmann, Gunnar Roalkvam, Rolf Skjelstad, Arild Rein og Hans Eirik Voktor.

Forfatter og journalist Kristin Hoffmann vil lesa. Det vil Arild Rein og. Dag Vagle vil sjølvsagt syngja. Gunar Roalkvam vil som vanleg roalkvamma, slik som berre han kan. Rolf Skjelstad er arkitekturens protestsongar. Dokumentarfilmskapar Hans Eirik Voktor legg som vanleg ikkje fingrane i mellom.

I ord og tonar stiller me spørsmål, nokon retoriske og andre åpne:

Er festen over? Er det kake igjen? Hadde gamle Stavanger overlevd i dag? Kven bestemmer i denne byen? Kan me stola på politikararne? Kven skal bu i ljoset, og kven i skuggen? Kven har ikkje ei stemme, og kven har dobbeltstemmer? Kan "fremskrittet" stoppast? Er TINA framleis like deilig? Kvifor byggjer me ein mur mot sjøen? Har me ein boligpolitikk, eller er det utbyggjarane som bestemmer? Er alt til salgs?

Støtta av Stavanger kommune, merkeleg nok...

Tou i Stavanger Øst

Se alle tilbudene til Tou i Stavanger Øst

Kontakt

Adresse:
  • Kvitsøygata 25
  • 4014 Stavanger
Telefon:
E-post:
kontakt@touscene.com
Nettside:
www.touofficial.com

Hvor er Stavangersanger?