Hopp til hovedinnhold

16.januar gir Stig Ulv ut boka " Toneljomen" der han har samla tekstar og bilete ifrå platene " Tonen ifrå barndomen " og "Ljomen av Ørsta-fjella "

Plata "Tonen ifrå barndomen " vart gitt ut i august 2024,mens "Ljomen av Ørsta-fjella "kjem 16.januar. Så her blir det eit dobbelt-slepp med både bok og plate.

Ein konsert med Stig Ulv inneheld musikk, tekst og bilete. I denne boka har han også innhenta bilete ifrå andre fotografar,så her blir det spektakulære bilete ifrå fjella i Ørsta.

"Ljomen av Ørsta-fjella "vart spelt inn live med publikum i salen i oktober 2024.

Sagt av ein publikummar etter liveinnspeling : Stig Ulv er ein glimrande strengeleikar.Han spelar vakkert,han har eit godt musikalsk uttrykk og han er berre oppteken av formidling.Det er godt å høyre på , og det gjer noko godt for oss som vil høyre. Ørstafjella kjennest noko meir oppnåelege no, tryggare og meir oppnåelege for Stig-og oss andre som har sett dei nedanfrå.

Konserten haldast i festsalen og billettane er derfor unummererte.

Visninger

Ørsta kulturhus (Ørsta )
16. januar:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Holmegata 7
  • 6153 Ørsta
Telefon:
70045500
E-post:
post@orstakulturhus.no
Nettside:
orsta.kulturhus.no/konsert-med-stig-ulv-c2myg1/

Hvor er Stig Ulv - bokslepp og plateslepp?