Hopp til hovedinnhold

Butikk, museum og RIB

I Brandasund kan du oppleve både historie, kystkultur, vandreturar, spektakulære badeturar og rib-turar.

Landhandelen E. Johnsen & Sønner har ope heile året. Her er det daglegvarer og i sommarsesongen kan du besøke kaféen Fabrikkloftet. Her er det også gjestehamn med gode fascilitetar for båtturistar.

Det samme er Skjeret Landhandel, som også nærast husar eit lite museum. «Nillo på Skjeret» (Pernille) var ein person mange kjende til. Ho levde på 1900-talet og dreiv i ei årrekkje ein spennande butikk her. Nillo var nærast ein institusjon i seg sjølv med sitt fascinerande vesen.Butikken er her framleis.

Brandasund kultur & fritid tar deg med på RIB-tur, anten til den uvanleg utforma øya Utslåttøy, Slåtterøy fyr, nokre av dei andre øyane ved havet, Austevoll eller Fitjar. Brandasund Kultur & fritid tilpassar turen etter dine ynskje. Freistar det med ein spektakulær badetur i havgapet, så ordnar dei det også.

Vegen ut til den historiske og fascinerande staden er ei oppleving i seg sjølv. Smale vegar, bruer og spennande kystlandskap – heilt ut mot havet i vest. Brandasund ligg ca 20 km nord for Svortland (Bremnes) sentrum på Bømlo. Du kan anten kome med eigen bil, motorsykkel, sykle eller ta lokal buss frå t.d. Bremnes.

Vegen hit går over øya Goddo, som også er eit populært turområde. Her ligg den nye dagsturhytta i Bømlo kommune, Kurebu. Turen dit er flott og går i lett terreng. Dagsturhytta er open for alle å besøkje på dagtid.

På Goddo ligg også hyttefeltet Goddosen. Her tilbys tomtar og hytter med spennande arkitektur og minimalt fotavtrykk.

Både her og i Brandasund er det fantastisk å sjå sola gå ned i havet.

Et merkeikon

Spennande moglegheiter i nærheten av Brandasund

Her har vi samlet en rekke artikler skrevet av personer med god kjennskap til vår region. Bla deg gjennom sider med inspirasjon og sett sammen det perfekte opphold for deg. Kanskje oppdager du noen bortgjemte perler?

Kommende arrangementer

visitsunnhordland

Visit Sunnhordland

  • Facebook

    Visit Sunnhordland

  • Instagram

    visitsunnhordland