Handel, kultur, mat og overnatting
På Leirvik, eller «Vikjo» som stordabuane ofte seier, finst både butikkar og handlesenter. Her er også fleire kaféar og restaurantar, og eit rikt kulturtilbod. Konsertar, fleire festivalar, teateroppsetjingar og andre arrangement - det er alltid noko som skjer på kulturfronten. Mange av arrangementa skjer i kulturhuset, som ligg midt i sentrum. Her er også kino og symjehall.
Både hotell og campingplass ligg i gåavstand til Leirvik. Gjestehamna ligg midt i sentrum, og har eit godt utbygd servicetilbod for båtturistar.
Trafikknutepunkt
Leirvik er eit sentralt trafikknutepunkt, der det er anløp av både lokale bussar, Kystbussen som trafikkerer strekninga Bergen og Stavanger, og hurtigbåtar innan og utanfor Sunnhordland. 12 km sør for Leirvik ligg også lufthamna på Stord der det går fly direkte mellom Stord og Oslo.
Attraksjonar og rekreasjon i gåavstand til sentrum
Sunnhordlandstunet og monumentet Storddøra ligg begge i gåavstand til Leirvik. Vil du rusle, ta ein joggetur eller oppleve strandliv er også dette innan gåavstand. Landåsen med eventyrskogen, Ådlandsvatnet og Hystadmarkjo er alle populære og flotte område som passar for alle. Syklar du er det også mange flotte sykkelturar og -ruter for gode opplevingar.