Hopp til hovedinnhold

Nord for Ålesund ligg store og små øyar, kalt Nordøyane. Ei rekke øyar som strekk seg frå Ålesund og nordover mot Harøyfjorden. Nokre med fastlandssamband med bruer og tunnellar, andre kan du berre nå med båt og ferje som øyane Sandøy og Ona. Sunnmørskysten har ei rik kysthistorie med fiskeri og industri. Landbruk og verftsindustri er av dei største.

Brattvåg er tettstaden i regionen, det er og her du tek ferge til dei ytterste øyane. Her er og eit rikt kulturliv, og kulturhuset tilbyr ei rekke arrangement.

Søvik er eit anna knutepunkt, med hurtigbåt til/frå Ålesund. I nærheita her finn du og Hamnsundhellaren og Bjørnøya Kystbatteri (krigsminne), tilrettelagt for turar.

Nordøyvegen

Innbyggarane her har alltid brukt sjøvegen for å kome seg rundt. Med den nye Nordøyvegen som opna august 2022, er no mange av øyane knytta til fastlandet med bruer og tunnellar, medan øyane Sandøy og Ona fortsatt har båt/fergeforbindelsesom er gratis å reise med.

Om øyane og attraksjonar

Lepsøya er den første øya du kjem til etter Lepsøybrua. Flotte turmulegheiter som fjellet Goaldet, eller ein tur til Rønstadhelllaren. På fineversdagar kan det og kanskje friste med eit bad på den flotte badestranda ved Prestegarden.

Haramsøya er naboøya, ideell for sykkelturar, både over fjellet og langs vegen. Friske turmål som Ulla Fyr, kvite badestrender og fjellturar på Mannen og Rødhammaren. Populært turmål for både bobilar og båtar.

Skuløy/Flemsøy er øya med dei mange namna, forbindelse til Haramsøya med bru. Ein populær tur er ein fjelltur på Skulen og Skulebua med panoramautsikt over alle øyane og storhavet. Kvite strender og flotte sykkelmulegheiter.

Harøya og Finnøya er det siste steget og som er endestasjon for Nordøyveien.

På Harøya er det eit veldig flott turtterreng, med tilrettelagte turstiar for ein fin tur. I Røsok småbåthavn ligg Max Aktivitetssenter, der det er mulighet for å leige kajakk, og andre vannsport aktivitetar. Det blir også holdt kurs i bruk av kajakk. Du finn butikkar, frisør og kafe på øya.

På Finnøya ved fergekaia, som er endepunktet for Nordøyvegen finn vi hotell med restaurant og badelandet «Hopp i havet».

Ona og Husøy - Eit gammalt fiskevær med unik historie. Her finn du ro i sjela, nyt ein piknik på stranda og rusle rundt blant dei lokale.

Kommende arrangementer

#visitalesund

Følg oss på våre sosiale media

  • Facebook

    @visitalesund

  • Instagram

    @visitalesund

  • YouTube

    visitalesund