Inne kjenner du varmen frå den 9 meter høge peisen, omkransa av dragehovud og veggar prega av drivved. Sit ned på lammeskinnet ved peisen og nyt aromaen og smakane!
Ægir ølet er i verdsklasse og har vinne medaljar i internasjonale konkurransar. Det heile starta med øl; men det stoppa ikkje der. Nå produserer vi vår eigen akevitt, gin, vikingmjød og hard seltzer!
Ægir BryggeriPub tilbyr ølsmaking og ein vikinginspirert meny som tek deg med på ei kulinarisk reise 1000 år tilbake i tid. Vårt konsept er at det skal vere Ægir-øl i og til maten! Prøv vår populære Viking-inspirerte meny og vår signaturrett Ægir Vikingplanke - ein 5-rettar øl- og matmeny.
Ægir BryggeriPub er ein open restaurant og pub heile året, og tilbyr middag à la carte om kvelden. Om sommaren tilbyr vi lunsj "á la carte".