I hjarte av Florø sentrum finn du Bistro to kokker sitt kafé- og gatekjøkken. Her byr de på gode måltid, dagens rett og ein variert og velsmakande meny. Bistro to kokker sin kafé starta opp i 1988 som eit tilbod til fastbuande og tilreisande med behov og ønskje om eit godt måltid til ein fornuftig pris. Bistro to kokker kan levere ut overtidsmat til bedriftar, samt at dei tilbyr takeaway.
Huset der Bistro to kokker sin kafé- og gatekjøkken ligg vart bygd av lensmann Landmark like etter at byen Florø var grunnlagt i 1860. Han selde straks etter til U.J Høst som var distriktslege i Kinn og Florø sin første ordførar. Det er sagt at diktaren Knut Hamsun har overnatta her. I boka "Landstrykere" har han skildra eit besøk på madam Evangers vinstue oppe i neste kvartal. I huset har det gjennom tidene vore forretning og kontor her. Lengst tradisjon skapte forretningsmannen Ludv. Sundal som i tillegg til å drive daglegvarehandel med m.a skipsproviant også bygde nytt stort sjøhus i 1920. Dette vart seinare kjent som Sundalsbua. Bua vart seinare kjøpt av Atle og Bjørn Hollevik og vart riven i 1988. Huset er sidan bygd opp igjen med samme fasade frå den gong.
Kafé og bakeri
Bistro To Kokker - Kafe og Gatekjøkken
I hjarte av Florø sentrum finn du Bistro to kokker sitt kafé- og gatekjøkken. Her byr de på gode måltid, dagens rett og ein variert og velsmakande meny.
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Tider
Ope kvar dag utanom heilagdagar
- Ukedager:
- 09:00–23:00
- Lørdag:
- 09:00–23:00
- Søndag:
- 12:00–23:00
Kontakt
- Adresse:
- Strandgata 33
- 6900 FLORØ
- Telefon:
- +47 577 52 233
- E-post:
- terje@tokokker.as
- Nettside:
- www.tokokker.as/bistro-kafe/
Fasiliteter
- Allergitilpasset:
- Take-away:
- Barnemeny:
- Uteservering:
- Lokalmat:
- Tradisjonsmat:
- Barnevennlig:
- Sesong:
- Vår
- Høst
- Sommer
- Vinter