Hopp til hovedinnhold

Bøtun er ein familiedrive gard som ligg 240 meter over havet på Indre Hafslo i Luster kommune. Her finn du ein unik kombinasjon av historie, berekraft og ekte matglede.

Dette er meir enn ein gardsbutikk – det er ei oppleving. Ta ein pause frå kvardagen og besøk denne idylliske oasen.

Gardsbutikk

Gardsbutikken er open heile året og bugnar av økologiske delikatesser, lokalproduserte varer og sesongens ferskaste grønsaker.

Utforsk "Smaken av Bøtun" – ei skreddarsydd oppleving for grupper, der gjestane får dykke ned i garden si historie, filosofi og smakstradisjonar. Garden tilbyr òg kurs gjennom heile året, innan alt frå dyrking av grønsaker, blomar til bakst med surdeig, bukettbinding og yogaretreatar.

Sommarkafè

Om sommaren opnar Bøtun dørene til ein sommarkafé som held ope onsdag til fredag frå kl. 11-16 (18. juni–22. august). Her kan du nyte lunsjrettar basert på råvarer frå hagen, supplert med produkt frå lokale leverandørar som juice, ost og sider. Alt brød, dessertar og bakverk vert baka på staden, og maten er stolt Debio-gullmerka for sin økologiske kvalitet.

Anten du ønskjer å handle, lære noko nytt, eller nyte eit herleg måltid i naturskjønne omgjevnader, ønskjer Bøtun deg hjarteleg velkomen.

Ta kontakt for meir informasjon eller for å bestille ditt neste besøk!

Kontakt

Adresse:
  • Ekrevegen 110
  • 6873 Marifjøra
Telefon:
99466145
E-post:
post@botungard.no
Nettside:
www.botungard.no

Hvor er Bøtun Gard