Hopp til hovedinnhold

Spennande historie

Christian Gaard Bygdetun ligg idyllisk til ved Hjørundfjorden i den vesle bygda Trandal i Ørsta kommune, og har ei lang historie med dramatikk, men også humor. Staden er driven av familien Storeide. Be gjerne vertskapet om å fortelle om staden når du er på besøk.

Servering, scene og overnatting

Her finn du ein levande møteplass med restaurant, overnatting, båthamn og lokale til møter og konsertar. Her er scene, og fasilitetar for bryllaup, konsertar og festivalar, og er eit populært val for ulike tilstellingar.

Korleis kome seg dit

Det er ikkje vegforbindelse til Trandal. Så du må enten reise dit med bilferge frå Ytre Standal, eller frå Sæbø, med skyssbåt, eller med rutebåten som går om sommaren mellom Ålesund, Trandal, Sæbø, Urke og Øye. Christian Gaard Bygdetun har dessutan fleire skyssbåtar i ulike storleikar som kan leigast til både kortare turar i nærområdet eller lengre turar langs kysten, og til Ålesund.

Unike opplevingar og den berømte huska

Staden har virkelig vorte kjent siste åra for dei flotte bileta frå huska, der ein kan svinge seg over fjorden. Men Christian Gaard er også kjent for den fantastiske utsikta mot Sunnmørsalpane og har blitt ein møteplass for både tilreisande og fastbuande som ønskjer ei spesiell oppleving i unike omgjevnader, som drar på topptur sommar og vinter.

Festivalar

I løpet av året vert det organisert konsertar og festivalar som for eksempel Countryfestivalen og Trandalblues.

Eit besøk på Christian Gaard, er et garantert minne for livet.

  • Trip Advisor logo
  • Facebook logo
  • Instagram logo

Kontakt

Adresse:
  • Rynningen 102
  • 6183 Trandal
Telefon:
+47 907 20 172
E-post:
post@christian-gaard.no
Nettside:
www.christian-gaard.no

Fasiliteter

Lokalmat:
Tradisjonsmat:
Uteservering:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Christian Gaard Bygdetun in Trandal?