Restauranten er i eit glashus med vidt utsyn over Sognefjorden.
Ciderhuset er frå mai 2017 eit Èconomusée, ei handverksprega verksemd som er vald ut på grunn av sitt engasjement for kvalitet og det ekte.
LÆRE & SMAKE
I ciderkjellaren foredlar vi "champagne-cider" etter tradisjonell metode og destillerer epledram. Book ei lærerik og trivelig oppleving. Familien formidlar om korleis vi gjer frukt og bær om til juice, cider og dram. Programmet varer ca. 30 min og inkluderer smaksprøvar av cider eller juice.
UTSAL
Ciderhuset har eigen butikk med ca. 20 ulike typar Balholm-cider, fruktjuice og matminne frå hagen.
ETE & DRIKKE
Restauranten har ein meny med ulike rettar av lokale råvarer og med inspirasjon frå Middelhavet. Her kan du smake på drikkevarene våre samt varme og kalde rettar (ink. vegetar- og veganrettar) og dessertar.
Vi tilbyr også kurs og aktivitetar for påmelde, slik som kulturvandring, cidersmaking, matlagingskurs, guida tur i Balestrandsfjella, andre aktivitetar, samt selskapslokale.
Kontakt oss for meir informasjon