20.mai - 31.aug 2021.
Måndag – Laurdag
Kl 13 (inkl lunsjplanke) og kl 16.
Vi formidlar om korleis vi dyrkar frukta i den økologiske hagen og om korleis vi gjer frukt og bær om til juice, cider, fruktvin og dram. Vi syner korleis vi handterer cideren etter «methode traditionell» med lagring og prosess, og at den til slutt får på champagnekork og blir eksklusiv musserande cider.
Ciderprogrammet inkluderer 5 smaksprøvar av cider.
Kl 13 inkl lunsjplanke med 5 smårettar i tapasstil - ein smak til kvar cider.