I gardsbutikken vil du finne alt frå kioskprodoukt, eigenprodusert middagsrettar, matvarer, brus, lokalt øl, interiør med meir.
Fokus på lokale produkt
Yndestad gard har fokus på å selge frå lokale leverandørar. Her vil du finne biff som har beita i Sundsdalen i Førde, honning frå Flekkefjord, lokal ost, økologiske egg med meir. Yndestad gard tilbyr rein kvalitetsmat til deg.
REKO-ringen
Yndestad gard sel gardsmatprodukt på REKO-ringen, og som catering ved ulike anledningar til private, grupper og bedrifter. Ta kontakt for meny.