Kjøkenet på Haaheim jobbar med sesongen sine lokale råvarer, og set saman dagens 3-, 5-, 7- eller 10- rettars middag.
Her finst også ein vegetarmeny.
Du kan òg tinga Haaheim sin Smaksmeny. Dette er ein heilaften med mange mindre rettar, ei smakfull reise i lokalmat.
Eigen lunsjmeny.
Restauranten har fleire lokale i ulik stil og storleik, som kan tingast for lukka selskap.
Middag må bestillast på førehand. Menyane finn du på nettsida deira!