Nede på kaien i vakre Jondal, om lag 30 minutt frå isbreen Folgefonna, finn du Spar Jondal. Butikken er kjent for framifrå service og sitt gode utval av mat, drikke og ferskvarer.
Dersom du ynskjer Pizza take-away etter ein lang dag på Folgefonna, vil me anbefala å ringa dei på veg ned frå breen. Då har Spar Jondal pizzaen klar når du kjem ned til bygda.
Ein får også kjøpt bensin og diesel til både båt og bil nede på kaien.