Hopp til hovedinnhold
Bestill

Med elva Jølstra som nærmaste nabo finn du dei populære elvasuitene som har tatt Instagram verda med storm! Her ligg to spektakulære elvasuiter, godt gøymt for kvarandre og andre campingturistar. Kvar elvasuite byr på luksus og sjarm, og er utstyrt med ein stor, mjuk seng, hengekøye og stolar der du kan nyte lyden av elvesus i fred og ro.

Elvasuiten 1.0

Elvasuiten 1.0 har eit eksklusivt bad like ved. Her kan du stå under ein stor regndusj frå taket på 270 cm, den så kalla Jølstrafossen. Utanfor har du ditt eige vedfyrte utebadekar med same utsikt som resten.

Elvasuiten 2.0

Elvasuiten 2.0 har også eit eksklusivt bad i eige bygg. Her kan du nyte eit varmt deilig bad i badekaret med ei like fantastisk utsikt. Den ultimate spa opplevinga.

Naturbasseng

Føler du deg litt vågal kan du bade i naturbassenget som ligg like ved Elvasuiten. Etterpå kan du nyte ein deilig varm sauna like ved. Saunaen er ope heile året, og kan bookes av alle. Ønskjer du å ha saunaen for deg sjølv må du bestille som ei gruppe.

Korleis komme seg til Jølstraholmen

Det er enkelt å nå plassen med både bil og buss. Berre 45 minutt køyring frå nærmaste flyplass, Bringeland lufthamn i Førde, eller 3,5 timer frå Flesland flyplass i Bergen. Følg E39 mot Jølster. Om lag 18 kilometer frå Førde sentrum ser du skiltet som viser Jølstraholmen. Her finn du både bensinstasjon, kafé og daglegvarebutikk.

Jølstraholmen Camping & Hytter

Se alle tilbudene til Jølstraholmen Camping & Hytter

Tider

Ope heile året

Ukedager:
00:00–00:00
Lørdag:
00:00–00:00
Søndag:
00:00–00:00

Kontakt

Adresse:
  • Jølstraholmen
  • 6847 Jølster
Telefon:
+47 95 29 78 79
E-post:
booking@jolstraholmen.no
Nettside:
jolstraholmen.no/overnatting/

Fasiliteter

Unik overnatting:
Sauna/SPA:
Frokost:
Parkering:
Ladepunkt for elbil:
Bad:
Utendørs fasiliteter:
Restaurant:
WIFI/Internett:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Miljøsertifisert:

Grønne sertifiseringer

Elvasuiten på Jølstraholmen har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
  • Green KeyGreen Key
Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

Hvor er Elvasuiten på Jølstraholmen?