Dei som har funne denne passe avsides perla på solsida av Hardangerfjorden, fortel om ein utsikt som er som balsam for ei stressa sjel og lyden av pur natur. Her kan du velge mellom eit romantisk opphald i tretopphytta, eller panorama- funkishytta med plass til familien eller vennegjengen. Dei arkitekttegna trehyttene har akkurat det du treng - både for å sove og leve godt. Store glasflater som slepp naturen inn og ein terrasse i le for vinden.
I nærleiken kan du utforske grotter og gå stiar langs veglause fordums samfunn. Bade, fiske og ro, eller teste kondisen opp til Samlen 686 m.o.h. Og sjølv om du føler deg langt vekke, er det kun ein kort køyretur til Folgefonna, Jondal og Utne. Startpunktet for turen til Trolltunga er også innan rekkevidde.
Velkomen til Hardanger Fjordtun – Treetop and Fjord panorama cabins.