Hopp til hovedinnhold

Hotel Alexandra er eit førsteklasses hotell med utsikt over fjorden i Loen og mot Skåla (1848 m.o.h.). Hotellet er omkransa av høge fjell og mektig natur. Loen ligg i Stryn kommune.

Hotel Alexandra vart grunnlagt i 1884 og er framleis eigd og drive av den same familien. Hotellet er kjent for sin høge kvalitet, personlige service og intime, komfortable atmosfære.

Hotel Alexandra har 206 rom i 8 kategoriar - frå standardrom til superiorsuiter.

Hotellet har konferansefasilitetar for opptil 700 personar, med fleire møte- og grupperom.

Hotellet har også eit vakkert spa og fleire innandørs- og utandørsbasseng. Alexandra Spa tilbyr eit breitt utval av velværebehandlingar for kropp og sjel. Spa-butikk, innandørs- og utandørsbasseng og vannsklie. Barnebasseng med foss og fleire innandørs og utandørs boblebad.

Hotellet har fleire restaurantar. Restaurant Charlotte tilbyr ein stor middagsbuffé. Restaurant Andrine tilbyr ein à la carte-meny. Hotellet har også ein eigen vinkjellar med festmenyar for mindre grupper. Café Markus tilbyr ein lett lunsjmeny og er ein bar om kvelden. Alexandra Bad & Spa har også ein kafé, Café Zandra.

Hotellet har også Salong Ida, som har bar og stor salong. Alex Dancing er hotellet sin nattklubb med DJ-er i helgane haust, vinter og vår. Det fins ein gåvebutikk i resepsjonen. Hotellet har også eit spanande spelel- og aktivitetsrom med biljard, snooker, shuffleboard, bordtennis, spinningrom, dart, airhockey, fotballspill og eit stort treningsrom med moderne treningsapparat.

Ein kan også finne Loen Skylift, Via Ferrata Loen og Hoven Restaurant i nærleiken av hotellet.

Kilde: Nordfjord
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Lodalsvegen 22
  • 6789
Telefon:
+47 57875000
E-post:
alex@alexandra.no
Nettside:
www.alexandra.no/

Fasiliteter

Restaurant:
Badstu:
SPA:

Grønne sertifiseringer

Hotel Alexandra har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
  • MiljøfyrtårnMiljøfyrtårn
Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

Hvor er Hotel Alexandra?