Hopp til hovedinnhold

Når du kjem til Knutholmen har du teke steget inn i ei maritim verd. Familien Fosse som eig og driv staden har lagt vekt på at den gamle sjøbustilen vert teken vare på. Knutholmen Restaurant tilbyr mat rett frå havet. I restauranten finn du båten, skjeret, ausekjæret, tønna, taukveilen, snekka og fjæresteinane. Utanfor har du akvariet med fisk og skaldyr ifrå området. Sjå deg gjerne rundt i vakre Kalvåg og nærområde.

Overnatting i historiske og moderne sjøhus:
Hotellrom i historisk eller moderne sjøhus. Alle rom har gratis wifitilgang. Frukost er inkludert og serverast i restauranten på Knutholmen som er i gangavstand frå rommet. Dei ulike romma har beliggenheit rundt den vesle vågen med plassering ifrå 1.-3. etg. Inn/utsjekk vert gjort ved Knutholmen.

Knutholmen tilbyr desse romtypane:
Standard enkeltrom
Standard dobbeltrom
Dobbeltrom med sjøutsikt
Dobbeltrom med sjøutsikt og balkong

Rorbu/leileghet:
Alle rorbuer og leiligheiter er unike og i ulike i størrelsar som passar for 4-10 personar pr. eining. For bestillingar over 4 personar ber vi deg om å ta kontakt så finn ein det beste alternativet saman. Oppreidde sengar og sluttreingjering er alltid inkl. Rorbuene/leilegheitene er utstyrt med kjøkken og kjøkkenutstyr. Frukost på Knutholmen kan bestillast med eit tillegg.

Her finn du 250 sengar fordelt på 130 rom. Av desse er 70 av romma er hotellrom og resten er leiligheit/rorbu.

Knutholmen er med i hotell kjeden De Historiske. I tillegg til ei god seng og god mat har Kavlåg mangfald av opplevingar.

Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • 6729
    Telefon:
    +47 57796900
    E-post:
    post@knutholmen.no
    Nettside:
    www.knutholmen.no/

    Fasiliteter

    Restaurant:
    SPA:

    Grønne sertifiseringer

    Knutholmen har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
    • MiljøfyrtårnMiljøfyrtårn
    Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

    Hvor er Knutholmen?