Lunde Turiststasjon har vore i drift sidan slutten av 1800-talet og ligg idyllisk til med flott utsikt over Kjøsnesfjorden og mellom bratte, mektige fjell.
Her finn du leikaplass, utegrillplass, grillhytte til leige, badestamp, skytesimulator, biljard, øksekasting og båt med og uten påhengsmotor.
Godt utgangspunkt for aurefiske
Å overnatte hos oss på Lunde vil vere eit godt utgangspunkt for aurefiske i Jølstravatnet, turar i nærområdet og å besøke dei ulike musea og galleria i Jølster; Astruptunet, Eikåsgalleriet og Jølstramuseet.
Overnatting
Lunde turiststasjon har 41 senger fordelt på hytter, rom og leiligheter og har åpent heile året. I tillegg kan du kjøpe fiskekort, jaktkort, prospektkort og kald drikke.