Denne leilegheita på 90 kvadratmeter har klimaanlegg, to soverom, kjøkken med oppvaskmaskin og kjøleskap. Badet har dusj, hårfønar og vaskemaskin. Handklede og sengetøy er tilgjengeleg. Overnattingsstaden har hage og terrasse med nydeleg utsikt over Hardangerfjorden. Ta ein symjetur om morgonen og bruk saunaen på bryggekanten før eller etter badet, fisk din eigen middag og sjå solnedgangen mens månen kjem opp over Folgefonna isbreen.
Leiligheta har eigen parkeringsplass, det tek ca 10 min å gå til Øystese sentrum.
Hos oss kan du leige kajakk, SUP eller toppturski for 3 personar (sko str. 39, 42 og 43)
Dette er ein ideell plass for familien - og den ligg i hjartet av Hardanger. I Øystese finn du mange aktivitetar som museum/kunsthus, Hardangerbadet badepark - det ligg også ei flott badestrand midt i sentrum, Spildegarden fruktgard med utsal av produkt og eigen restaurant. Du finn også Pizzeria, restaurant på hotellet og daglegvarebutikkar.
Staden er også eit godt utgangspunkt for flotte fjellturar, du kan velje mellom enkle turar til lange og krevjande turar.