Hopp til hovedinnhold

Hotellet har 122 rom og eit fleksibelt tilbod til kurs og konferansedeltakarar. Her har ein også møterom både for små og store grupper med den nødvendige ro og fred for gjennomføring av arrangementet ditt. Konferansesalen Vossasalen stod ferdig hausten 2005, og kan romma alt frå konferansar og kongressar til kulturarrangement og messer.

Mat- og vinhotellet Park har og eit rikt tilbod på kveldstid med både Pianobaren Pianissimo og Cafe Stationen. Dei har også nattklubben Pentagon, som dei opnar ved ulike arrangement.

Restaurant Elysee sin internasjonale a la carte-meny byr på gastronomiske opplevingar i vakre særprega omgjevnadar. Restauranten har ein av dei mest rikhaldige og spennande vinkjellar i Norge, og har ein del år fått den prestisjetunge utmerkinga "Award of Excellence" frå det velrenommerte vintidskriftet Wine Spectator. Samt blitt kåra til verdens beste vinkart i 2020 og verdens beste vinkart på glass i 2021. Også i åra før har Park henta heim prisen for Norges beste vinkart.

Nokre rom i kategori standard har mogelegheit for hund. Ta kontakt med hotellet for forespørsel

For booking og anna info kontakt Park Hotel direkte.
Telefon: +47 56 53 10 00. Epost: resepsjon@parkvoss.no
Park Hotel Vossevangen

Kilde: Visit Voss

Kontakt

Adresse:
  • Uttrågata 3
  • 5700
Telefon:
E-post:
resepsjon@parkvoss.no
Nettside:
www.parkvoss.no/nb

Fasiliteter

Restaurant:

Hvor er Park Hotel Vossevangen?