Den gamle skulen på Værlandet er bygd om til gjesteheim.
Overnattingsstaden har sju gjesterom, fellesrom og kjøkken for hyggelege samlingar med kjente og kjære.
Utanfor finn du aktivitetar som sandvolleyball, fotballbinge, og eit
stort parkområde for leik og moro. Du finn også diskgolf bane i
nærleiken,
Øysamfunnet Værlandet og Bulandet byr på flotte
turmoglegheiter, både til fots og på sykkel. Du vil også ha gode
fiskemoglegheiter både til lands og til vans. Fiskebåt med / utan
skipper kan leies for den som ønsker.
Priser for overnatting
Prisane for overnatting varierer frå 800 - 1200 per natt.
Båtskyss til Alden
Båtskyss til Alden kan arrangeres.
Bubilparkering
Værlandet Gjesteheim har også tilrettelagd for bubilgjester på uteområdet. Her er det moglegheit for straum og begrenset septik tømming. Les meir om bubilparkeringa her