Nede ved fjordkanten på Aga – midt i hjarta av Hardanger – finn du Aga Fjordapartments. Der leiger dei ut fire leilegheiter – alle med panoramautsikt til fjorden og dei stupbratte fjella i Sørfjorden. Einingane, som er mellom 75 – 80 kvadratmeter, held høg standard, har to soverom med dobbeltseng, fullt utstyrt kjøken og eitt bad.
Aga Fjordapartments kan skilta med eit flott uteområde med plen, hagemøblar, grill og eigen molo med båtutleige.
Med turar og attraksjonar som blant anna Trolltunga, Dronningstien, Buerbreen, Fonna Glacier Ski Resort og Bondhusbreen i direkte nærleik, er Aga Fjordapartments eit godt utgangspunkt for eit fint og aktivt opphald i Hardanger regionen.
Minimumsleige er 3 døgn.
Velkomen til Aga Fjordapartments!