Hopp til hovedinnhold
Bestill

Omkransa av fjord, velstelt kulturlandskap, fruktgardar og snødekte fjell, ligg Brakanes Hotel fint til ved fjordkanten i sentrum av Ulvik. Hotellet, som har 143 rom av ulik storleik, har vore gjennom ei rekke renoveringar dei siste åra. 80 rom med fjordutsikt vart pussa opp i 2018, medan suitane og romma i 5. etasje var nye i 2012. Alle romma er røykfrie, mange er allergivenlege, og 4 rom er tilpassa rørslehemma (handicap). Hund er tillate på utvalde rom med direkteutgang til hotellhagen – praktisk for både to- og firbeinte.

Frå restauranten, som har eit sterkt fokus på bruk av lokale og regionale råvarer, har ein flott utsikt til fjorden. I sesongen trillar dei ferske grønsaker og urter frå andelslandbruket på Undeland rett inn på kjøkenet, og om sommaren kan ein få måltidet servert ute i hotellhagen, der borna kan leika i fjordkanten eller på den flytande trampolina. Her finn du også eit heilt nytt uteområde med boblestamp og badstove med ei heilt utruleg utsikt. Innandørs er det vesle bassenget populært for både små og store – året rundt.

Hotellet tilbyr utleige av elektriske syklar for å få maksimalt ut av opphaldet i Ulvik.

Våren 2015 vart Ulvik Herad godkjent som den fjerde Cittaslow-kommunen i landet, i eit nettverk som framhevar berekraftige samfunn i 25 land verda over. Brakanes Hotel tar del i arbeidet med å ivareta Ulvik sin særeigne karakter, gjennom auka fokus på miljø og lokal produksjon.

Brakanes Hotel og Brakanes Kurs – og konferansesenter er ein del av Fjordtind Hotels.

Velkomen til Brakanes - Eit hotell for alle årstider! ....

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Promenaden 3
  • 5730 Ulvik
Telefon:
+47 56 52 61 05
E-post:
brakanes@fjordtindhotels.no
Nettside:
brakanes-hotel.no

Fasiliteter

Svømmebasseng:
Restaurant:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Konferansefasiliteter:
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
Alle rettigheter:

Hvor er Brakanes Hotel?