Hopp til hovedinnhold

Brudevoll Gard tilbyr koselege hytter i eit flott friluftsområde mellom dei vakre Sunnmørsalpane, og driv ein familievennleg gard. Alle aktivitetar på garden er gratis for hyttegjestane. Her er og båtar til leige, så du kan utforske fjorden og skjærgården utanfor Ørsta. Her får du god hjelp med forslag til turar og aktivitetar.

Hyttene

Hyttene er koseleg innreidde med høg standard, er vinterisolerte, og har alt du treng av kjøkkenutstyr, dusj og toalett.

Ting å gjere

I omlandet til Brudevoll Gard og Ørsta er det mange fine dagsturar, for den som er interessert i natur, kultur, bading, matopplevelsar, byliv og mykje anna. Kort veg til kjende stader som Runde og fuglefjellet, Hjørundfjorden og jugendstilbyen Ålesund.

Dyra på garden

Brudevoll Gard er ein familievennleg gard med dyr i fjøset eller ute på beite om sommaren. Her kan du vere med på å mate hønene og kalvane, og plukke egg til frukosten din.

Kontakt

Adresse:
  • Brungotvegen 151
  • 6156 Ørsta
Telefon:
+47 93 20 80 63
E-post:
b.gard@online.no
Nettside:
www.brudevoll-gard.no

Fasiliteter

WIFI/Internett:
Kjøkken:
TV:
Utendørs sitteplasser:
Vaskerom:
Oppvaskmaskin:
Båt til utlån/utleie:
Fiskemuligheter:
Parkering:
Sesong:
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst

Hvor er Brudevoll Gard og Hytteutleige?