Bruvoll Camping & Hytter er ein familievenleg camping 35 minutt fra Bergen sentrum som tilbyr hytter i god standard, samt teltplass og oppstillingsplass for campingvogner/bobiler. Alle hyttene har bad og alle (bortsett fra to hytter) har oppvaskemaskin.
Campingplassen ligg i rolege omgivnader med mykje flott natur og ein idyllisk dyrehage. Her finn du barnas gård med minigriser, høner, marsvin og kaniner. Du kan også sjå sau og lam om våren og sommeren. Leikeplass med små leikehus, dissestativ, rutsjebane, hoppepute og trøtraktorer.
I nærleiken finn ein både ferskvatn og sjø.
Kano, kajakk og fiske
Om du er interessert i padling, bading og fiske har Bruvoll eit rikt utval av aktivitetar. Her finn du oppmerka padleløyper med rasteplassar, kano- og kajakkutleie, samt moglegheit for å prøve fiskelykka. Vi kan også tilby fjord- og havfisketurar med både båt og guide. Kano og sup brett er gratis for alle som bur i hytter og kjem som drop in i telt/bobil/campingvogn.
Bruvoll Camping & Hytter har også 2 selskapslokaler for utleige "Storstova" & "Bruvoll Gammen".
Storstova
Vi leier ut storstova til møter, dåp, konfirmasjonar, jubileum, korpstur og blåturar. I storstova er det plass til rundt 50 personar – fleire om det ikkje skal være matservering. Her er det kjøkken med kaffetraktere, kjøleskap, frys, komfyr, m.m. Vi har også prosjektor og annet presentasjonsutstyr.
Bruvollgammen
Gammen er en uformell, 8-kantet bygning med torvtak. I gammen er det bål i midten og levande lys. Opp til 35 personar med bespisning. Det er også utegrill utanfor i grindbygg-stil som kan nyttas.
Bruvoll Camping & Hytter arrangerer aktivitetsdager, teambuilding, samt har utleige av kano/kajakk.