Hopp til hovedinnhold
Bestill

Utleige av moderne feriehus (rorbuer) og sikre båtar på Bømlo.

Hos Bryggekanten leiger du direkte frå huseigar utan fordyrande mellomledd. Du kan velja blant 7 feriehus av ulik storleik der du kan tilbringa draumeferien din i kanskje Noregs vakraste skjergard. Dei tilbyr 12 gode og sjødyktige båtar tilpassa både dagsturar og fiske.

Her er det mange nøgde stamgjestar som kjem tilbake kvart år, små og store fiskegrupper, men også mange familiar. I vinterhalvåret er det mogleg for langtidsutleige til verksemder og andre.

På heimesida finn du detaljert presentasjon av hus og båtar med tekstar, foto, videoar og prisar.

Dei 7 feriehusa har ulik storleik, og passar til grupper frå to til åtte personar. Bryggekanten Raud og Gul, samt Captain Suite ligg lunt til innerst i den idylliske Innværfjorden på austsida av Bømlo. Dei 4 Westside Lodges ligg i skjergarden ut mot havet på vestsida. På begge stadane ligg husa nær kvarandre og passar difor også for større grupper som ynskjer fleire hus.

Fjordtun leiger ut båtar både til hyttegjestar og til andre som ynskjer ein båt- eller fisketur på havet eller blant dei over 1.000 holmane og skjera rundt Bømlo. Båtane ligg fortøyd ved flytebrygger like framfor dei respektive hyttene. Herifrå er det kort veg til gode fiskeplassar.

Alle båtane er gode, sjødyktige og18 fot eller større. Dei er alle er breie og stødige. Alle har fiskestanghaldarar, ekkolodd med GPS og kartplotter. Symjevestar og anker er sjølvsagt inkludert.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Innvær
  • 5420 RUBBESTADNESET
Telefon:
+47 918 87 028
E-post:
paul@fjordtun.no
Nettside:
www.fjordtun.no

Fasiliteter

Kjøkken:
Båt til utlån/utleie:
Fiskemuligheter:
Sløyebord:
WIFI/Internett:
TV:
Parkering:
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Fjordtun Bømlo?