Historie
Christineborg Gjestehus blei oppført i 1979 og var frå då til 2008 ein minnerik stad for mange skolebarn i landet. Runde Kystleirskole, som bygningane til Christineborg Gjestehus er kjend for, har husa mange titusenvis av skoleelevar – kanskje kjenner du nokon som var her den gongen? I 2010 fekk gjestehuset nye eigarar, og har sidan hatt fokus på å vedlikehalde og oppgradere eigedomen for besøk av nye gjestar.
Fasilitetar og overnatting
I hovudbygget finn du resepsjon, lobby, trivelege opphaldssoner, toalett, spisesal og konferanse/selskapslokale. I dei to sidefløyene ligg 19 dobbeltrom og 10 einerom. 15 av dobbeltromma er oppgraderte, resten har framleis noko av sjarmen frå leirskuletida over seg og vil bli oppgradert etter kvart.
Matservering
Ønsker du eit lengre opphald med matservering får du tilbod om dette. Alternativt kan du lage eit lettare måltid i det litle, tilgjengelege kjøkkenet og nyte det i sofakroken. I sommarsesongen får du kjøpt frukost som du bestiller før du kjem eller når du kjem.
Aktivitetar
Bur du i to dagar eller meir på Christineborg, spanderer gjestehuset eit gratis besøk på badelandet Sunnmørsbadet i Fosnavåg. Ikkje langt frå gjestehuset ligg fuglefjellet, som er et populært reisemål for tilreisande til Runde. Her kan du observere fuglelivet, høyre gamle historier frå guidar og bli med på minneverdige vandreturar. Ein annan attraksjon som ligg like i nærleiken er Runde Miljøsenter. Her kan du sjå delar av skatten frå det hollandske skipet «Akerendam», som gjekk ned utanfor øya i 1725. Her kan du etter avtale bli med på fuglesafari til fuglefjellet med eigen guide. Goksøyr Camping ligg også like bortanfor Christineborg og har utsal av suvenirar og kioskvarer heile året.
Hugs:
Hekkesesongen for den berømte lundefuglen varar frå april til byrjinga av august. Du har da moglegheit til å sjå den, men ver varsam og ta omsyn til natur- og fuglelivet. Fjellet er også heimen til ei rekkje andre flotte fugleartar! Christineborg Gjestehus har oversikt over forholda oppover fuglefjellet, og når dei lokale båtførarane tek runden rundt øya.