Turlagshytta til Luster Turlag, Fivla er open for førehandstinga overnatting. Hyttene er stengde for dagsbesøk, men det er mogleg å booke overnatting for familie eller gruppe på inntil 8 personar.
Hytta består av to hus med 12 senger i kvart, pluss ein del madrasser. Hytta egner seg godt til skuleklassar.
Fivla ligg fint til over skoggrensa på ruta mellom Vigdalsstølen og Navarsete i Breheimen. Rett over ligg utsiktstoppen Fivlenosi (1466 moh.) der ein har heile Jotunheimen og mykje av Breheimen framfor seg. Begge hyttene står ulåste og kan brukast heile året. Vanlegvis held skiføret seg fram mot 1. mai.